Velkomen til Skreddarhuset

Skreddarhuset er eit næringscluster beståande av ulike verksemder som gjerne leverer skreddarsaum innan sine respektive virkefelt, om enn i ein litt annan bransje enn tidlegare eigar av bygget - Frislid Konfeksjon.
Skreddarhuset driv med utleige av attraktive og sentrumsnære lokaler for bedrifter.
I tillegg har bygget nytt og moderne møterom.

Treng du lokaler? Ta kontakt med oss! Kanskje vi har ledige lokaler som høver deg.

Butikk/lagerlokale ledig!
1280 kvm brutto (Europris i dag) + utelager/tunnel med port vert ledig hausten 2019.
Alt på eit plan 1. etasje.
Kontakt oss for visning.

Ledige kontor

Skreddarhuset kan til tider ha ledige kontorlokaler. Ta gjerne kontakt med oss dersom du eller di bedrift har behov. Skreddarhuset ligg eit steinkast frå Scandic Nordfjord Hotell, og for besøkande til deg/di bedrift er dette praktisk og tidseffektivt. Bygget er energieffektivt fordi det er kopla til fjordvarmesystemet som gjev rimelig oppvarming vinterstid og frikjøling sommarstid.

Verksemder

Mange av leigetakarane har lang fartstid i Skreddarhuset, medan andre har kome til etterkvart. Med godt samspel og erfaringsutveksling verksemdene i mellom, får du kjennskap til marknader og kanskje prosjekt/kundar du elles ikkje ville fått høve til å tilby dine tenester til. Vi meiner verksemdene i Skreddarhuset gjer kvarandre gode.

Møterom

Møterommet/styrerommet har 12 sitteplassar og har høg standard og moderne utstyr. Treng du møterom, kan du bestille dette online når du har fått tilgang til bookingsystemet.