Om

Om oss

Namnet Skreddarhuset kjem av historien til bygget der dressprodusenten Frislid framleis held til. Dette namnet speglar også at dei fleste bedriftene der lagar "skreddarsydde" løysingar tilpassa kvar einskild kunde sitt behov.
Bygget er på ca. 4500 kvm og inneheld no nye moderne kontorlokaler for utleige. Bygget er tilkopla fjordvarmenettet i Eid Kommune og dette sikrar energieffektiv, miljøvenleg og rimeleg varme og kjøling året rundt.
Skreddarhuset ligg i Eid sentrum, midt i Nordfjord og berre eit steinkast frå Nordfjord Hotell ved E39. I tillegg ligg det 2 flyplassar i nærleiken.